Kjeldebruk

God forsking bygger vidare på eksisterande kunnskap; det er dette me kallar kjeldebruk. Her lærer du om korleis du vel ut relevante kjelder, og korleis du bruker kjeldene korrekt og ærleg i ditt akademiske arbeid.

Kvifor skal ein referere til andre sitt arbeid?

Undervegs i skrivinga di skal du nytte kjeldetilvisingar. Kjeldetilvisinga viser lesaren vidare til referanselista, der ein finn fullstendig informasjon om opphavsperson, årstal og utgjevar. Dette gjer det i sin tur mogeleg for lesaren å finne tilbake til kjelda.

Nøyaktig dokumentasjon av kjelder gjer lesaren i stand til raskt å:

  • finne tilbake til kjeldene
  • kontrollere fakta og etterprøve resultata
  • setje seg inn i emnet

Når du viser til og bruker kjelder i oppgåva di, bruker du andre sine verk. Det er viktig at du lærer deg korleis du kan bruke desse utan at det kjem i konflikt med gjeldande lov om opphavsrettopen in new window.

Korrekt føring av referansar er òg avgjerande for å unngå plagiatopen in new window.

Oppdatert: