Korleis skal ein referere?

Korleis kjeldetilvisingar og referanseliste skal sjå ut, vil avhenge av referansestilen du nyttar. Finn ut kva for referansestil som blir brukt på ditt fag. Når du har valt ein referansestil, er det viktig at du føl denne konsekvent.

På Søk & Skriv viser me stilane APA, 7. utgåve, Chicago med fotnoter, Chicago forfatter-år, Harvard, MLA og Vancouver.

APA 7 er den mest vanlege referansestilen og difor er dei fleste eksempla i Søk & Skriv henta frå denne stilen.

Sjå denne videoen for ei enkel innføring i korleis unngå plagiat::

Kva skal refererast?

Når du hentar noko frå ei kjelde skal du alltid vise til denne kjelda både i teksten din og i referanselista. Typiske kjelder kan for eksempel vere andre sine argument og vurderingar, talmateriale, modellar, resultat og konklusjonar. Hugs at all bruk av figurar, tabellaropen in new window, lyd og bileteopen in new window er knytt til opphavsrettopen in new window.

Allmenne sanningar

Allmenne sanningar treng ikkje referanse, som for eksempel:

«Danmark er ein del av Europa», «vi har fire årstider», eller at 17. mai er Noreg sin nasjonaldag.

Skriv du derimot om noko som ikkje er allment kjend, må du vise kvar du hentar opplysningane frå. Det kan vere vanskeleg å vurdere kor langt dokumentasjonskravet skal gå, og det vil variere frå fag til fag kva som er rekna som allmenne sanningar. Er du i tvil, spør rettleiar. Då unngår du å bli mistenkt for å plagiere.

Unngå plagiat / brot på opphavsretten

Korleis la vere å plagiere?

Det viktigaste er å aldri klippe og lime utan å oppgje kjelde.

Skriv sitat ordrett med hermeteikn, eller parafraser (skriv innhaldet med eigne ord).

Legg vekk kjelda medan du skriv, så blir du ikkje opphengd i skrivemåten til forfattaren. Sjekk at meiningsinnhaldet stemmer, og vis til kjelda som vanleg.

Vips, så har du unngått å plagiere!

Omfattande og/eller medvite brot på opphavsretten kan bli rekna som forsøk på fusk, og kan få alvorlege følgjer for deg som student. Ved forsøk på fusk kan konsekvensane bli annullering av eksamen, utestenging frå institusjonen og tap av retten til å gå opp til eksamen ved andre universitet og høgskular i Noreg i inntil eitt år.

Vis alltid kvar du har henta informasjon eller formuleringar frå – då er du trygg. Dette gjeld òg for ditt eige arbeid: omfattande gjenbruk av ditt eige arbeid kan nemleg også bli rekna som forsøk på fusk.

Sjølvsitering eller sjølvplagiat?

Å gjenbruke eige arbeid kan vere aktuelt, men dei færraste oppgåver blir betre av å trekke inn ting du har gjort tidlegare. Dersom du ikkje kjem utanom, gjeld desse råda:

Publiserte oppgåver viser du til på vanleg måte, med forfattar, årstal, tittel og utgjevar.

Upubliserte studentarbeid kan visast til som «Eige/eget arbeid (årstal). Tittel på oppgåva [Upublisert semesteroppgåve eller det som passar]. Namnet på utdanningsinstitusjonen».

Desse eksempla føl APA-stilenopen in new window.

Mange studiestader har tydelege retningslinjer for gjenbruk av eige arbeid/sjølvsitering. Sjekk alltid med rettleiar eller faglærar dersom du ønsker å bruke tidlegare arbeid.

Opphavsrett

Opphavsrett er den retten skaparen av eit åndsverk har til verket. Åndsverket kan vere eit litterært, vitskapeleg eller kunstnarisk verk, og skaparen blir kalla opphavar. Opphavsretten er regulert i lov om opphavsrett til åndsverk frå 2018, også kalla åndsverklovaopen in new window. Hovudregelen i åndsverklova er at opphavaren har einerett til å framstille eksemplar av verket og å gjere det tilgjengeleg for andre. Denne økonomiske retten varer i 70 år etter at opphavar er gått bort, då «fell verket i det fri», som det heiter.

I tillegg til den økonomiske råderetten opphavar har, kjem den ideelle – det vil seie retten til å bli namngjeven og verna mot at åndsverket blir nytta på eit krenkande vis. Merk at den ideelle retten ikkje går ut på dato. Brot på gjeldande reglar om opphavsrett kan få uheldige følgjer. Plagiat er å framstille andre sine resultat, tankar, idear eller formuleringar som om dei var sine eigne. Dette reknast som intellektuelt tjuveri ifølgje åndsverkslovaopen in new window.

Sitat

Av og til kan det vere aktuelt å hente informasjon eller tekst frå andre inn i eigen tekst. Dette må gjerast i samsvar med god skikk, ved å sitere og vise korrekt til kjeldene. Gi aldri inntrykk av at noko er ditt når det ikkje er det.

Direkte sitat

Direkte sitat er ei heilt ordrett attgiving. Døme kan vere definisjonar, særleg gode formuleringar eller utsegn til vidare drøfting. Sitat som er mindre enn 40 ord (eller tre linjer) skrivast direkte inn i teksten og uthevast med hermeteikn.

Eksempel

«Studenter (og forskere) innenfor samfunnsfag og humanistiske fag må skrive innenfor en akademisk sjanger. Særtrekket ved denne sjangeren er drøfting» (Førland, 1996, s. 11).

Kjelde: Førland, T.E. (1996). Drøft! Lærebok i oppgaveskriving. Gyldendal.

Sitat som har meir enn 40 ord skal (i APA) skrivast i eit eige avsnitt med innrykk. Når du skriv sitata på denne måten skal det ikkje nyttast hermeteikn, og punktum kjem før parentes. Det er vanleg å introdusere sitat med innleiing og/eller ein kommentar.

Ved endringar i sitatet

På same måte som med indirekte sitat, kan det nokre gonger vere aktuelt å gjere endringar på sitatet. Det kan vere å ta vekk delar av sitatet, eller å legge til ord for å få lesaren til å forstå samanhengen. Om du har eit lengre sitat med ein del irrelevante passasjar kan det vere aktuelt å utelate delar av sitatet. Dette må markerast tydeleg. Om du utelét eitt eller to ord kan det markerast med … (tre prikkar). Dersom du utelét fleire ord, kan du nytta skarpe klammer [ … ] eller vanlege parentesar ( … ).

Eksempel

«Studenter … må skrive innenfor en akademisk sjanger. Særtrekket ved denne sjangeren er drøfting» (Førland, 1996, s. 11).

Ønsker du å tilføye eller erstatte noko i eit sitat, kan du markere det ved å nytte klammeparentesar.

Eksempel

«Studenter (og forskere) innenfor [de akademiske disipliner] må skrive innenfor en akademisk sjanger» (Førland, 1996, s. 11).

Indirekte sitat

Indirekte sitat, også kalla parafrase, syner til dei tilfella der du gjev att innhaldet med dine eigne ord. Indirekte sitat kan bidra til å skape flyt i teksten og kan synleggjere at du har ei god forståing for kjelda. Pass på at innhaldet blir gjeve att korrekt og at meininga framleis er den same.

Eksempel

Førland (1996, s. 11) hevder at alle studenter innenfor samfunnsfag og humaniora må lære seg den akademiske sjangeren, som kjennetegnes av drøfting.

Den akademiske sjangeren kjennetegnes av drøfting, og alle studenter innenfor samfunnsfag og humaniora må lære seg den (Førland, 1996, s. 11)

Sekundærkjelder

Hovudregelen er at du kun skal vise til verk du har lese. Om originalkjelda ikkje er tilgjengeleg, eller er på språk du ikkje forstår, kan du vise til andre si omtale av kjelda:

Eksempel

I teksten:

«Det er ikke tilfeldig at det moderne menneske skriver ’med’ en maskin» (Martin Heidegger, sitert i Johansen, 2003, s. 80).

I referanselista:

Johansen, A. (2003). Samtalens tynne tråd: skriveerfaringer. Spartacus.

Dersom du kjenner til publikasjonsåret for primærkjelda, skal dette også inkluderast i teksten.

Notar og vedlegg

  • Avgrens bruk av notar.
  • Notar skal nyttast til tilleggsopplysningar som ikkje er ein naturleg del av teksten.
  • Du kan velje om du vil nytte fotnotar nedst på sida eller som sluttnotar bak i kapitlet/oppgåva. Vel du å plassere notane som fotnotar er det vanleg å ha ein mindre skrifttype for å skilje notane frå hovudteksten.
  • Nøyaktig korleis notetilvisinga gjerast er ofte avhenging av kva referansestil du nytter. Det er for eksempel ikkje føremålsteneleg å nytte nummererte notar dersom du nytter ein nummerert referansestil som Vancouver.
  • Vedlegg er lister over tabellar og figurar som er med i oppgåva, spørreskjema, observasjonsskjema, intervjuguide og liknande. Vedlegg skal nummerast og plasserast etter referanselista.

Hjelpemiddel

For større oppgåver kan du effektivisere arbeidet ved å nytte referanseverktøy som Zotero, EndNote, ReferenceManager eller Mendeley. Undersøk med studiestaden din kva referanseverktøy du har tilgong til. Zoteroopen in new window er gratis tilgjengelege for alle, medan Mendeleyopen in new window og EndNoteopen in new window finst i enklare gratisversjonar.

Hugs at du alltid må dobbelsjekke at referansen blir rett!

Tips:

Det er fullt mogeleg å skrive ei oppgåve eller ein artikkel utan å bruke eit referansehandteringsverktøy. Referansar kan enkelt kopierast frå Oria, Google Scholar eller frå heimesida til tidsskriftet. Pass på å sjekke at dei er fullstendige og at eventuell kursiv føl med. Sjå etter sitatteikn:

Scholar cite
Knapp for Google Scholar siteringsfunksjon.

QUIZ: Kva type kjelde er dette?

Berg, M. A., Børresen, B. & Nustad, P. E. (2008). Religion, livssyn og etikk. Cappelen.

0. Bok med forfatter
1. Nettside
2. Tidsskriftsartikkel
3. Kapittel i redigert bok
Oppdatert: